HØYANGER BIBLIOTEK

Velkommen til vårt ”døgnope” bibliotek

 

Sist oppdatert 31.03.2009    

 

Eige skjema for bustadsoga kan lastast ned her

Kulturkalender

 


Spør biblioteket

Foreldreside


 

Ute på  nettet                     
Linkar til Internettressursar 
og søkeverktøy
Linkar til Høyanger kommune
Tilrettelagde tenester for innvandrarar  

Anna informasjon                     
Statistikk
Brukargaranti og utlånsregler 

Treffteller

 

 

 

 

BOKSAL

Over 500 bøker og 100 video/CD er no lagt ut for sal på biblioteket. På boksalet kan ein finne mange gode bøker. Her er mellom anna bøker av Knut Hamsun og vakre billedbøker. Eit variert utvalg! Dei fleste bøkene er dublettar. Det vil seie at biblioteket har mange eksemplar av gode bøker, som det ikkje lenger er plass til i hyllene. I tillegg sel vi ut store mengder av norsk samtidslitteratur utgitt fram til 2004.


BIBLISEN

Høyanger bibliotek har starta eigen blogg - biblisen. Her finn du boktips, og nytt om filmar og andre tilbod på biblioteket. Les og kommenter!

 

BIBLIOTEKSTATISTIKK

Utlånsstatistikken for 2007 viser ein nedgang i bruken av biblioteka i 
Høyanger kommune. Nedgangen i det samla utlånet er på 15 %. Høyanger bibliotek har omlag 9 utlån pr. innbyggjar.
I 2006 hadde biblioteket 47111 utlån ved biblioteka i kommunen. I 2007 vart dette redusert til 39 864 utlån. (2007-tala manglar utlånstal for bokbuss/bokbåt). Dette er ein nedgang på ca. 15% i utlånet ved biblioteket

Vi låner ut mindre, men har auka bruk av biblioteket! Biblioteket er viktig ikkje berre for utlån, men og som ein møteplass for innbyggjarane i kommunen. 

Bruk biblioteket


BIBLIOTEK MED BOK TIL ALLE

Høyanger bibliotek er det første biblioteket i Sogn og Fjordane som er  "Bok til alle-bibliotek" og vi søker leseombud.

Mange lesarar har vanskar med å kunne tilegne seg vanlig tekst. Det kan være ulike årsaker til det. Mellom anna kan dysleksi, adhd, utviklingshemmingar, eller at ein har et anna morsmål. Høyanger bibliotek har ynskje om å nå betre ut til desse lånarane, og har inngått kontrakt med organisasjonen "Leser søker bok". Dei lettleste  bøkene er skreve av kjende navn som Håkan Nesser og Vigdis Hjorth. Det er ikkje innhaldet som er enkelt, men språket. Erna Osland frå Høyanger har gjeve ut ei vakker tilrettelagt bok "Du er vel vakker" no i 2006.

”Leser søker bok” vil og hjelpe Høyanger bibliotek med å få laga eit nettverk av leseombud. Et leseombud er en person som skal sørge for lesehjelp til dei som treng det.

 

 

bustadsoge for Høyanger tettstad


På initiativ frå Kåre Lønne, Oddvar Hjetland og Bjørn Alrek har det vorte sett i gang eit registreringsprosjekt i Høyanger. Tanken er at ein får oversikt over kven som har budd i Høyanger tettstad frå industrireisinga starta i 1916 og fram til i dag. Dette er eit viktig prosjekt både fordi feltet ikkje ligg innanfor bygdebøkene sine område, og fordi verdifull informasjon vert borte ettersom sentrale personar fell bort. No søkjer vi informasjon frå personar som kan hjelpe til å skrive bustadhistoria til sitt hus. Kven har budd i huset, namn, tal på personar og kva år. Vi er og interessert i særeigne historier knytt til personar som har budd i huset opp gjennom tidene. Skjema kan lastast ned eller eventuelt hentast på Høyanger bibliotek. Ferdig utfylt skjema kan leverast eller sendast til Høyanger bibliotek.

Mappa Mi - Sjølvbetjent lånaradministrasjon

  • Sjå kva lån du har, med lånefrist og muligheit for å forlenge lånetida.
  • Sjå kva reserveringar du har og kor langt du er komen på ventelista.
  • Sjå om det ligg titlar til avhenting på biblioteket.
  • Endre adresseopplysningar som biblioteket har lagra om deg.
  • Legge inn dine interesseområde. Du vert da  varsla pr e-post straks biblioteket skaffar nye titlar innanfor  interesseområdane dine.

Opningstider på
hovudbiblioteket 

Måndag:  1100 - 1800
Tysdag:   1000 - 1530
Onsdag:   1000 - 1530
Torsdag:  1100 - 1800
Fredag:    1000 - 1530
Lørdag:     stengt

Høyanger Bibliotek
Marcus Thranesgt. 3
P. b. 124
6991 Høyanger
Tlf.: 57711590/91/92
Faks.: 57713791
bibliotek@hoyanger.kommune.no

Lassesamlinga

Filialar
Vadheim Bibliotekfilial
Lavik Bibliotekfilial
Ikjefjord Bibliotekfilial
Bjordal Bibliotekfilial
Ortnevik Bibliotekfilial
Kyrkjebø Bibliotekfilial

Bibliotekfilialane held stengt i skuleferiar

Biblioteksjef og ansvarleg for sida:
jorun.systad@hoyanger.kommune.no